Store nedbørsmengder - ring oss ved behov for hjelp!

Kva type septiktank har du?

Slamavskiljar

Ein slamavskiljar fungerer på den måten at alt slam går i 1. kammer i septiktanken. Vidare blir det separert over i 2. og 3. kammer der utløpet til tanken befinn seg.

Slamavskiljarar er mest brukt til vanlege einebustadar.

Ved tøming av slamavskiljarar blir heile tanken tømd før det rensa vatnet blir returnert til tanken.

Slamavskiljarar for einebustadar skal etter lova tømast kvart andre år. Fritidsbustadar skal tømast kvart fjerde år. Er det behov for tøming oftare kan dette avtalast med din Septik24-renovatør.

i i i i i i i
iInnløp

Rør frå huset går i 1. kammer til septiktanken. Når toalettet tappar seint ned kan dette tyde på at røret er tett, eller at det har bygd seg opp masse akkurat i enden av innløpet til septiktanken.

Trinnvise løysingar

  • Kontroller at det ikkje ligg noko framfor innløpet
  • Dersom det gjer det, bruk ei rive til å opne for innløpet. Dette kan hjelpe deg midlertidig
  • Er det sjølve røret frå huset som er tett? - Ta kontakt med din lokale Septik24-renovatør for spyling, eller kontakt rørleggar for staking.
iDykk innløp
Det er ifølge regelverket ikkje krav om dykk på innløpet til tanken (ikkje innteikna). Men det kan ofte vere til hjelp for å hindre at det tettar seg i inngangen til innløpet. Dette kan vere eit problem dersom ein har dårleg fall på røra mellom hus og tank.
iDykk utløp
Dykk på utløpet er lovpålagd. Dette for å hindre at slam går til filtergrøft og grunnen.
iNivå i tanken
Nivået for ein godt fungerande septiktank skal stå like høgt som utløpet. Tanken er ikkje full og kan fungere godt fram til neste tømerunde. Er nivået under utløpet til tanken kan dette tyde på at tanken ikkje er tett. Reparasjon er då påkrevd. Er nivået over utløpet kan dette tyde på at røret ut frå tanken er tett.
iUtløp

Fungerer ein septiktank slik den skal, vil det i utløpet frå 3. kammer renne «reint» vatn ut til ei sandfilter-grøft, grunnen, sjøen e.l.

  • Er røra ut frå tanken tett vil nivået ofte stå over utløpet.
  • Dersom nivået i tanken står over utløpsrøra kan dette tyde på at røret ut fra tanken er tett.
  • For Septik24 er det vanskeleg å spyle rør som går ut frå tanken. Dette kjem an på kva type utløp det er snakk om.
  • Dersom avløp går til kommunal leidning kan Septik24 spyle opp røret.
  • Dersom anlegget har gammalt infiltrasjonsanlegg er det ikkje hjelp i å spyle. Då må infiltrasjonsgrøfta skiftast.
i1. Kammer
Innløpet går inn i 1. kammer i septiktanken. Når septiktanken fungerer som den skal, og har god gjæring, er det vanleg med ei «kake» av fast masse på toppen. Det er viktig å merke seg at det er vanleg med denne «kaka», og at septiktanken kan fungere utan problem til neste ordinære tøming.
i2. Kammer
I dette kammeret blir slammet separert frå 1. kammer i septiktanken. Dette kammeret inneheld betydeleg mindre slam enn i 1. kammer.
i3. Kammer
Dette er siste kammer der slammet blir separert og er eit slags «klarings-kammer». Frå dette kammeret er det eit utløp som fører vatnet i tanken ut i ei filtreringsgrøft, grunnen, kommunal leidning e.l. Dette kammeret inneheld særs lite slam.
Tett tank

Ein tett tank fungerer slik at septik blir samla opp i kammeret. Denne tanken har ikkje utløp, og derfor er det ikkje behov for rensing eller fleire kammer i ein slik tank.

Ved tøming av tette septiktankar blir heile tanken tømt utan retur av reinsa vatn, slik som ved tøming av ordinære septiktankar.

Tette tankar blir oftast brukt i hyttefelt og i område der det ikkje er lov å ha utslepp frå septiktanken.

Tømefrekvens for tette tankar blir utført etter lokale forskrifter eller ved behov.

Dersom ein har ein tett septiktank er det viktig å passe på at toalettet ikkje lék. Dette vil føre til at tanken fyller seg unødvendig raskt opp.

i i
iInnløp

Røra frå huset går i 1. kammer til septiktanken. At toalettet tappar seint ned kan tyde på at røret er tett, eller at septiktanken er so full at nivået er høgare enn innløpet.

Trinnvise løysingar

  1. Løft av loket på tanken
  2. Står nivået i tanken opp til innløpet?
  3. Dersom «ja», kontakt din næraste Septik24-renovatør for tøming av septiktanken.
iNivå i tanken

Nivået for ein tett septiktank varierar alt etter bruken av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner. Nokre har også gråvasstank i tillegg til ein tett tank der vaskevatnet blir samla opp.

Nivået for ein tett septiktank må ikkje gå over innløpet på tanken. Dersom det skjer vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige so høgt at det til slutt vil renne over.

Det er abonnenten sitt ansvar å passe på at tanken blir tømt og fungerer etter utsleppsløyve.

iDykk innløp
Det er ifølge regelverket ikkje krav om dykk på innløpet (ikkje innteikna). For ein tett septiktank er dette ikkje like viktig som for ein slamavskiljar.

Ofte stilte spørsmål

Tanken min er tømd, men likevel ser den full ut ?
Når vi tømmer tanken din blir alt innhold i tanken pumpa inn på bil og separert der. Det rensa vatnet blir sendt tilbake til tanken for at den viktige gjæringsprosessen skal kome raskare i gang i tanken, men og for å spare miljøet for eksos og anna utslepp frå lastebilen. I tillegg fører denne tilbakelegginga av det separerte vatnet til at ein unngår transport av store mengder vatn - ofte dreiar dette seg om store avstandar.
Er du lei av å grave fram septiktanken din ?
Dersom du er lei av å grave fram septiktanken før vi kjem, kan du fore opp tanken slik at lokket ligg i dagen. Din lokale rørleggar kan hjelpe deg med dette. Ved nedlegging av ny plasttank kan du spesialbestille tank med ekstra oppforing frå fabrikk.
Kva må eg gjere før septikbilen kjem ?

Gjer det så enkelt som råd å kome fram til septiktanken. Grav fram lokket - også godt rundt lokket slik at det er enkelt å løfte det av. Merk og gjer tanken tilgjengeleg for tømming. Dersom du har fått meldingslapp i posten så legg denne i ein plastpose på tanklokket. Då er det enklare å vite at vi tømmer rett tank.

Kva er gråvasstank ?
I ein gråvasstank blir alt som ikkje går i septiktanken samla: bad-, oppvask- og vaskevatn. For meir informasjon om gråvasstank kan du lese her
Kva er ekstratømming?

Ekstratømming er tømming av septiktanken din utanom ordinær rutetømming.

Kloakklukt i huset - kva er gale ?

Som oftast kjem dette problemet av vasslås som tørkar ut. Vasslåsane tørkar ofte ut om t.d. varmekablar ligg for nær vasslåsen, eller ved lite bruk av dusjkabinett o.l.

Ikkje klargjord septiktank - kva skjer då ?

Dersom septiktanken ikkje er tilgjengeleg for tømming når septikbilen kjem, blir dette registrert. Dersom abonnenten med god grunn ikkje klarer å klargjere tanken til rett tid må han ta kontakt med renovatør snarast råd. Nytt tidspunkt kan då avtalast. Tek abonnenten ikkje kontakt med renovatør, og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare og neste tømming blir om to år.

Kva skal ikkje kastast i toalettet ?

For at du skal sikre optimal drift på din septiktank og sleppe at rørgater o.l. tettar seg er det ikkje alt som skal i toalettet:

  • Våtserviettar
  • Filler
  • WC-blokker
  • Olje
  • Melk frå melkerom/fjøs
  • Fett
Kor tid kjem septikbilen ?

Det blir alltid sendt ut varsel om septik-tømming i god tid før tømming skal gjennomførast. Vi prøvar så godt vi kan å holde oss innanfor oppført tidsramme.