Digital septikvarsling

Vi i Septik 24 - Miljøservice - Johny Birkeland Transport er stolte av å kunne introdusere overgang til digital septikvarsling for våre kundar og abonnentar. Varsling om tømming som tidlegare er sendt ut som brev gjennom normal postgang, vil snart gå som sms-varsel til mobil og e-post.
Septik 24 har i lenger tid samarbeidd med DIFI for å kunne ta del i arbeidet som regjeringa har lagt opp til med omsyn til digitalisering av Norge.
Vi har også fornya oss på web. Her ønskjer vi å framstå enklare og fokusert mot å levere informasjon og opplysninger som vi veit våre abonnentar og oppdragsgjevarar ønskjer å finne raskt. Kart og geografi blir brukt som utgangspunkt for raskt å kunne hjelpe deg og finne sentral informasjon om rett septikanlegg. 
 
Digital kommunikasjon med deg som abonnent    
Som leverandør på vegne av det offentlege, har vi inngått leverandøravtale med DIFI og får høve til å gjere oppslag i digitalt kontaktregister (http://www.difi.no/kontaktregister). Her kan vi hente oppdatert kontaktinformasjon - e-post adresse og mobilnummer - til kommunane sine slam-abonnentar.

Regjeringa bestemte i 2014 at digital kommunikasjon med det offentlege skal vere hovudregelen. Fordelen for oss som utførande slamtømar, kommunane sin oppdragsgjevar og deg som abonnent er fleire:
Dei kommunane som ønskjer å ta i bruk varsling på sms/e-post må i likhet med oss akseptere bruksvilkår med Difi.

Har de spørsmål til oss, ta kontakt på: janerik@septik24.no
Fleire nyheiter