">

Berekraft

Miljøservice AS og Johny Birkeland Transport AS er sertifisert etter ISO 9001 og ISO 14001 og arbeider systematisk med samfunnsansvar og berekraft gjennom medarbeidarinvolvering og dialog med våre kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar.

Vi har eit breitt samfunnsengasjement, ein høg etisk standard og jobbar for kontinuerlig forbetring av våre miljø-, HMS- og kvalitetsprestasjonar.

">

Levere meir enn forventa

Vi skal vere profesjonelle med det vi driv med i alle ledd.

Alle som møter oss på jobb skal sitje igjen med eit positivt inntrykk av oss.

Vi skal utføre arbeid av høg kvalitet, yte god service og opptre høfleg i alle samanhengar.

Vi hjelper alltid.
">

Engasjement og involvering

Vi er opptekne av at alle skal bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Vårt verdigrunnlag og våre etiske retningslinjer legg premissar for korleis vi opptrer i forhold til omgivnadane og kvarandre.

Vi skal jobbe systematisk med helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid.

">

Gode miljøprestasjonar

Vi jobbar med kontinuerlig forbetring av våre miljøprestasjonar, bl.a. gjennom å etterleve vårt ISO 14001-miljøleiingssystem og utvikling av vår miljøteknologi.

Vår miljøvennlege slam- og avvatningsteknologi bidreg til positive miljøeffektar for våre kundar og brukarar.

Vi legg vekt på å kommunisere om miljøfordelane knytt til våre produkt og tenester, og påverkar med dette våre kundar til å velje meir miljøvennlege løysingar.
">

Vårt samfunnsengasjement

Vårt samfunnsengasjement skal styrke vårt merkenamn, og knyte oss til positive aktivitetar for barn og unge.

Lokalt eigarskap og omtanke for lokalsamfunnet er viktig for oss. Dette skal vi praktisere ved å engasjere oss i utvikling av lokalt næringsliv, lokalmiljøet og arbeid for ungdom.

Vi skal vise vilje og mot til å satse når det gjelder utvikling av våre selskap.

Kontinuerlig forbetring, utviklingsprosjekt og involvering av tilsette skal prege vår arbeidskvardag.